Sirdal kommune
Tilskot til enkeltarrangement er først og fremst tenkt på som ein underskotsgaranti for kostnadskrevande arrangement der billettinntektene ikkje dekker alle utgifter Føremålet med tilskotet er å legge høva til rette for eit variert kulturtilbod, som og gjev rom for bruk av proffesjonelle kreftar. Tilskotet kan delast ut til enkeltpersonar, organisasjonar eller grupper av personar som vil arrangera ulike kulturarrangement.