Arbeidsveka så langt
6. November, 2008
I veke 45 var elevane i 10. klasse på Kyrkjebygd skule i Åseral klare for arbeidsveke. Dei fleste elevane i klassen ville vere på ein frisør eller på ein butikk, men det freista ikkje for oss! Me ville prøve ut korleis det var å vere forskar! Me sendte ein e-post til Agder-Forsking, og fekk positivt svar. Dette skulle bli morosamt. Måndag morgon var me på plass i Sørlandets kunnskapspark. Me vart godt mottakne, og fekk til og med eit eige kontor! Det meste av dagen gjekk med til å utforma eit spørjeskjema som dei andre elevane på skulen skulle få svare på. Spørjeskjemaet omhandlar korleis det er å vere ung i Åseral og litt omkring Eikerapen Roots Festival. NRK Sørlandet var òg innom ein tur i løpet av dagen. Dei ville lage eit innslag om oss. Me reiste heim til Åseral på ettermiddagen.
På tysdag møttes me på skulen. NRK kom i dag òg, for å filme då me delt ut spørjeskjemaa. Me fekk mange positive tilbakemeldingar, og dei fleste elevane tykkja det var kult å svare på spørsmåla. Fvn TV kom òg litt utpå dagen, og me måtte ta han med på heimebesøk til ei klasseveninne. Etterpå tok me bussen tur-retur Sveindal, for å spørje nokre vidaregåande elevar.
Me møttes på biblioteket i Kyrkjebygd på onsdag. Der byrja me å samle svara me hadde fått i undersøkinga. Dette viste seg å ta lang tid. Etter ei stund gjekk med heim til Helle Cecilie, der me gjorde ferdig arbeidet.
Nå er det torsdag formiddag, og me er tilbake i Kristiansand. Me har sett litt på resultatet. Og det viser seg å vere ganske likt det me hadde forventa. Det kom fram i undersøkninga at ungdommen i Åseral er glad i bygda si, og at ein del kan tenkje seg å bu der etter studium. Dei er òg heilt einige om at Eikerapen Roots Festival har gjort Åseral meir kjend!
No skal me lage ein presentasjon av svara, det blir spanande!
- Elena og Helle Cecilie