Dansefestival for 3000 drepne

22. September, 2009

Filed under: Festivalforskning - forfatter: Line

Kan ein festival vere ”feil”? Slike spørsmål stilte eg meg etter å ha besøkt Ncome Museum i Sør Afrika under dansefestivalen 15 og 16 desember 2008. Er det rett å danse på åstaden for eit blodig slag? 

 

Her, ein stad midt mellom Durban og Johannesburg, vann ein hær på 700 afrikandarar, det vil seie kvite boarar, eit slag mot 12 000 zuluar, nokre få morgontimar i 1838. Tre afrikandarar vart skada, 3 000 zuluar skal ha blitt drepne. Elva Ncome vart raud av blod frå skotne zuluar, og vart døypt Blodelva av afrikandarane som var der.

 

Bøn hos vinnarane, dans hos taparane

I dag vert slaget markert på begge sider av elva. På den eine sida samlast kvite afrikandarar til bøn og felles seremoniar på årsdagen. Her er Blood River Museum frå 1996, og to monument frå 1947 og 1971. På den andre sida av elva konkurrerer zuluar og sothoar innan ulike tradisjonelle song- og dansesjangrar ved Ncome Museum som vart sett opp i 1998. Det er ikkje populært på den kvite sida. I staden for å danse burde dei heller ha ei minnesmarkering for dei tre tusen drepne soldatane, seier Dawie Viljoen. Han er dagleg leiar av Blood River Museum, og eg intervjua han eit par månader tidlegare. Å danse på ein slik dag er ”feil” meiner han. Det stemmer ikkje med korleis korkje eg eller han tenker minning. Så mange døde, kva er det å feire? For når ein dansar, så er vel det å feire? 

 

Å snu det negative til noko positivt

Men det finst alternative kontekstar å sjå dansinga i. I staden for ei minnesmarkering har dagen blitt gjort om til noko anna, eit høve til å markere noko på såkalla ”zulu”-vis. Markeringar og historiske hendingar har lenge hatt negativt fokus på zuluar, og minnestader, museum og markeringar har i stor grad vore farga av syn kvite har hatt på hendingane. Denne staden og dette slaget har vore markert sidan 1880talet blant afrikandarar i Sør Afrika, og slik vore ein viktig del av ein identitetsskapingsprosess blant desse kvite. Ein prosess som verkar gjennom ekskluderingsmekanismar som også i dag gjer det vanskeleg, og til dels umogleg for zuluar å vere tilstades under seremoniane på den kvite sida av elva.

 

I ein slik samanheng blir det vanskeleg for zuluane å minnast sine tre tusen drepne soldatar. Det ville ha nøra opp under biletet som er skapt av dei kvite om slaget og den kraftige, negativt lada, skilnaden som er konstruert mellom svarte og kvite i denne delen av verda. Då Ncome Museum vart sett opp i 1998 var utgangspunktet at det skulle utfordre den vanlege måten å sjå dette slaget på, og komme med ein zuluversjon av hendingane. Etter kvart har museet blitt til ein institusjon som går med harelabb over sjølve slaget og i staden gir glimt av zulu kultur. På denne måten forsøker museet å styrke zulu kultur, ikkje ved å balansere tidlegare versjonar av slaget, men ved å vise til zulu daglegliv og tradisjonar. Sjølv om også dette styrkar ideen om skilnad på svarte og kvite, er denne i større grad positivt lada her. 

 

Folkedans

Ved viktige høve er det vanleg med dansing blant zuluar, og som i Noreg er det mange barn som driv med såkalla folkedans frå tidleg av. Dermed blir årleg markering av slaget gjennom dansefestival meir forståeleg. Det store tapet frå 1838 blir tona ned, og plassen blir brukt til noko positivt, nemleg å vere ein offentleg arena for musikk og dans der dei beste blir premiert, og alle får vist seg fram.

 

Line Førre Grønstad

 

No Comments »

No comments yet.

RSS feed for comments on this post. TrackBack URL

Leave a comment